top of page

Fag 4: Korleis skaffe seg flytelefonisertifikat

Flytelefonisertifikat er førebels ikkje obligatorisk for dei som har sportsflylisens frå tidlegare, men det er ikkje lov å bruke radioen utan å ha flytelefonisertifikat. Utan dette sertifikatet kan du altså ikkje fly i luftrom der radiobruk er påbode. Det er no eit krav at nye sportsflypilotar tar flytelefonisertifikat som ein del av opplæringa.

  1. Du må ta eksamen i fag 4: Flytelefoni. Eksamen tek du i din lokale flyklubb dersom klubben har skuleløyve. Eksamen er elektronisk med 20 fleirvalsoppgåver, der du må ha minst 75 % rette svar for å bestå.

  2. Etter bestått teorieksamen må du sjølv ta kontakt med godkjend kontrollant for å gjennomføre ein språkprøve i engelsk. Det er nødvendig dersom du har planar om å fly i luftrom der det er krav til å etablera radiokontakt med for eksempel kontrolltårnet.

Du kan lesa meir om flytelefonisertifikatet på Luftfartstilsynet sine nettsider.

Bømoen flyklubb 2024

bottom of page