top of page
Draum_om_Ã¥_fly.jpg

Vil du bli pilot på lette sportsfly?

To av medlemmene i klubben er instruktørar på lette sportsfly. Klubben vil gjerne ha fleire medlemmer og aktive pilotar. Dersom du er interessert i å læra deg å fly lette sportsfly, er det berre å ta kontakt med ein av dei to instruktørane:

Steinar Vinje

Rune Soldal

Opplæringa består av ein teoridel og ein praktisk del.

Den teoretiske delen består av ni fag:

  1. Lover og bestemmelser

  2. Menneskelige ytelser og begrensninger

  3. Meteorologi

  4. Flytelefoni

  5. Flygeteori

  6. Driftsprosedyrer

  7. Ytelser og flygeplanlegging

  8. Fly- og motorlære

  9. Navigasjon

 

  • Teoretiske prøvar og eksamen består av fleirvalsspørsmål.

  • Eksamen blir gjennomført digitalt. Eleven skal ikkje bruke hjelpemiddel og eksamen skal gjennomførast innan ei gitt tid.

  • Det krevst minst 75 prosent rette svar i kvart fag for å bestå prøven.

  • Beståtte teoriprøvar er gyldige i to år, rekna frå første avlagde prøve.

  • Dersom dei teoretiske prøvane går ut på dato kan dei fornyast for nye to år ved å gjennomgå ei teoriprøve med fem spørsmål frå kvart fag.

Her kan du teste teorikunnskapane dine.

Faget Flytelefoni er litt meir omstendeleg. Der må du gjennom eit obligatorisk kurs før du kan ta ein sentralgitt skriftleg eksamen. I tillegg må du opp til ein munnleg eksamen og ein språkprøve.

Her kan du lese meir om korleis du kan skaffe deg flytelefonisertifikatet.

Den praktiske delen består av flytimar saman med instruktør. Det er svært individuelt kor mange flytimar ein elev treng. Det er opp til instruktøren å avgjere kva tid ein elev er klar til å fly åleine (fly solo), men kravet før oppflyging til sertifikatet er minst 30 flytimar. Nokre treng fleire timar før dei er komfortable med å fly opp.

Du kan starte med opplæring frå det året du fyller 16 år, men mikroflybeviset kan ikkje skrivast ut før du har fylt 17 år. Før oppflyging må du dessutan ha attest frå lækjar.

Kva kostar det?

Teorien er gratis, men  du må kjøpe lærebøkene. Det obligatoriske flytelefonikurset må betalast, dessutan er det eksamensavgift.

Den praktiske delen kostar nok mest. Leige av fly kostar i kr. 1300 per time. 

Dei to skuleflya i klubben:

​​

LN-YTY.jpg
LN-YJZ_p+Ñ_Bringeland_2.JPG
bottom of page