Om oss

Bømoen flyklubb vart stifta i 2016. Som namnet seier, held klubben til på Bømoen (Voss).

Klubben er fullt operativ, og har skuleløyve.

Flyparken består sju privateigde sportsfly (mikrofly). Dei kan du lesa meir om her. I tillegg er Voss flyklubb sitt slepefly (LN-YTP) registrert i Bømoen flyklubb.

Men klubben er også open for eigarar av andre typar fly. Og ein treng slett ikkje ha eige fly for å bli medlem i klubben. Er du flyinteressert og har lyst til å stikke innom klubbhuset for ein prat og ein kaffikopp, er det berre å komme. Kanskje kan du med tid og stunder skaffe deg lisens for lette sportsfly?​

Vi er ein flyklubb som tilbyr opplæring i sportsflyging og arrangerer ulike aktivitetar for melemmene våre. Vi er opptekne av flyging og ønskjer å skape ein fellesskap for flyinteresserte. 

Flyglede

Bømoen flyklubb er klubben for alle som er glade i sportsflyging og som ønskjer å ta del i ei spennande og engasjerande flyoppleving. Bømoen er omgitt av majestetiske fjell og fantastisk natur, perfekt for å utforske luftrommet på ein unik måte. 

LN-YJZ på Bringeland
LN-YJZ på Bringeland