Skuling

Vil du bli pilot på lette sportsfly?
Ein av medlemmene i klubben er instruktør på lette sportsfly. Klubben vil gjerne ha fleire medlemmer og aktive pilotar. Dersom du er interessert i å læra deg å fly lette sportsfly, er det berre å ta kontakt med Steinar Vinje.
Opplæringa består av ein teoridel og ein praktisk del. Den teoretiske delen består av ni fag:
- Fag_1_ALW_Lover_og_best.
- Fag_2_MYB_Menneskelige_ytelser
- Fag_3_MET_Meteorologi
- Fag_4_COM_Flytelefoni
- Fag_5_POF_Flygeteori
- Fag_6_OPR_Operasjonelle prosedyrer
- Fag_7_FPP_Flygeplanlegging
- Fag_8_AGK_Fly_og_motor
- Fag_9_NAV_Navigasjon
Teoretiske prøvar og eksamen består av fleirvalsspørsmål.
Eksamen blir gjennomført digitalt. Eleven skal ikkje bruke hjelpemiddel og eksamen skal gjennomførast innan ei gitt tid.
Det krevst minst 75 prosent rette svar i kvart fag for å bestå prøven.
Beståtte teoriprøvar er gyldige i to år, rekna frå første avlagde prøve.
Dersom dei teoretiske prøvane går ut på dato kan dei fornyast for nye to år ved å gjennomgå ei teoriprøve med fem spørsmål frå kvart fag.
Flytelefonisertifikat er førebels ikkje obligatorisk for dei som har sportsflylisens frå tidlegare, men det er ikkje lov å bruke radioen utan å ha flytelefonisertifikat. Utan dette sertifikatet kan du altså ikkje fly i luftrom der radiobruk er påbode. Det er no eit krav at nye sportsflypilotar tar flytelefonisertifikat som ein del av opplæringa.
- Du må ta eksamen i fag 4: Flytelefoni. Eksamen tek du i din lokale flyklubb dersom klubben har skuleløyve. Eksamen er elektronisk med 20 fleirvalsoppgåver, der du må ha minst 75 % rette svar for å bestå.
- Etter bestått teorieksamen må du sjølv ta kontakt med godkjend kontrollant for å gjennomføre ein språkprøve i engelsk. Det er nødvendig dersom du har planar om å fly i luftrom der det er krav til å etablera radiokontakt med for eksempel kontrolltårnet.
Du kan lesa meir om flytelefonisertifikatet på Luftfartstilsynet sine nettsider.
Den praktiske delen består av flytimar saman med instruktør. Det er svært individuelt kor mange flytimar ein elev treng. Det er opp til instruktøren å avgjere kva tid ein elev er klar til å fly åleine (fly solo), men kravet før oppflyging til sertifikatet er minst 30 flytimar. Nokre treng fleire timar før dei er komfortable med å fly opp.
Du kan starte med opplæring frå det året du fyller 16 år, men mikroflybeviset kan ikkje skrivast ut før du har fylt 17 år. Før oppflyging må du dessutan ha attest frå lækjar.
Kva kostar det?
Teorien er gratis, men du må kjøpe lærebok. Kontrollanten skal også ha eit honorar for gjennomført språkprøve.
Den praktiske delen kostar nok mest. Leige av fly kostar kr. 1500 per time.


